Martin Luthers Vesle katekisme (1531)
omsett av
Harald Kaasa Hammer 2003
Korleis
ein far på ein enkel måte skal læra familien sin
DEI TI BODA
Det
første bodet:
Du skal
ikkje ha andre gudar enn meg.
Kva
vil det seia?
Svar: Vi skal ottast og elska Gud
framfor alt anna, og lita på han.
Det
andre bodet:
Du skal
ikkje misbruka Herren din Guds namn.
Kva
vil det seia?
Svar: Vi skal ottast og elska Gud, så
vi ikkje brukar namnet hans til å banna eller sverja, til magi, til å lyga
eller svindla. Vi brukar det rett når vi ropar på Gud i all naud, ber, lovsyng
og takkar.
Det
tredje bodet:
Du skal
halda kviledagen heilag.
Kva
vil det seia?
Svar: Vi skal ottast og elska Gud, så
vi ikkje foraktar forkynninga og ordet hans, men held ordet heilagt, og gjerne
høyrer og lærer det.
Det
fjerde bodet:
Du skal
æra far din og mor di.
Kva
vil det seia?
Svar: Vi skal ottast og elska Gud, så
vi ikkje foraktar eller forargar foreldre og føresette, men ærar dei, tener og
lyder dei, elskar og aktar dei.
Det
femte bodet:
Du skal
ikkje slå i hel.
Kva
vil det seia?
Svar: Vi skal ottast og elska Gud, så
vi ikkje skader vår neste eller gjer han noko vondt, men hjelper og stør han i
all naud.
Det
sjette bodet:
Du skal
ikkje bryta ekteskapet. - Du skal ikkje driva hor.
Kva
vil det seia?
Svar: Vi skal ottast og elska Gud, så
vi lever reint og sømeleg i ord og gjerningar. Alle skal elska og æra ektemaken
sin.
[Det nye testamentet er
skrive på gresk, og det vert brukt to ulike ord om brot på Guds vilje på det
seksuelle området. Det eine, som er brukt i Matt 5,27, vert brukt om
ekteskapsbrot. Det andre ordet vert brukt om alle seksuelle forhold før og
utanom ekteskapet. Det ordet er no omsett med hor. I samsvar med Jesu ord
omfattar det sjette bodet både ekteskapsbrot og hor, sjå Matt 15, 19. Der vert
begge desse orda brukte om brot på bodet. (Fotnote
til Matt 5,27 i Bibelen, Det norske bibelselskap 1985.)]
Det
sjuande bodet:
Du skal
ikkje stela.
Kva
vil det seia?
Svar: Vi skal ottast og elska Gud, så
vi ikkje tek frå nesten vår pengar eller noko han eig, og ikkje lurer det til
oss med falske varer eller knep, men hjelper han å ta vare på det han eig, og
betra levekåra sine.
Det
åttande bodet:
Du skal
ikkje tala usant om nesten din.
Kva
vil det seia?
Svar: Vi skal ottast og elska Gud, så
vi ikkje svik nesten vår og lyg om han, baktalar han eller set ut falske rykte
om han, men orsakar han, talar vel om han og tek alt i beste meining.
Det
niande bodet:
Du skal
ikkje trå etter eigedomen åt nesten din.
Kva vil
det seia?
Svar: Vi skal ottast og elska Gud, så
vi ikkje prøver å lura til oss arven eller huset åt nesten vår, som om vi hadde
rett på det, men hjelper og stør han så han kan ha sitt i fred.
Det
tiande bodet:
Du skal
ikkje trå etter ektemaken eller tilsette eller nokon som høyrer til hjå nesten
din.
Kva
vil det seia?
Svar: Vi skal ottast og elska Gud, så
vi ikkje lokkar eller trugar ektemaken eller tilsette bort frå nesten vår, men
får dei til å bli hos han og gjera plikta si.
Kva
seier Gud om alle desse boda?
Svar: Dette seier han:
Eg, Herren din Gud, er ein brennhuga Gud, som
lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden,
når dei hatar meg, men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held
boda mine. 2 Mos 20, 5-6
Kva
vil det seia?
Svar: Gud trugar med å straffa alle som
bryt desse boda. Difor skal vi ottast vreiden hans, og ikkje synda mot boda.
Men han lovar nåde og alt godt til alle som held dei. Difor skal vi òg elska
han og ha tillit til han, og gjerne leva etter boda hans.
Korleis
ein far på ein enkel måte skal læra familien sin
TRUA
Den
første artikkelen:
OM
SKAPINGA
Eg trur
på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.
Kva
vil det seia?
Svar: Eg trur at Gud har skapt meg og
alle skapningar, at han har gjeve meg kropp og sjel, augo, øyro og alle lemer,
vit og alle sansar, og framleis held alt dette ved lag.
Han gjev meg klede og skor, mat og drikke, hus
og heim, ektemake og born, jord og husdyr og alle gode ting. Kvar dag syter han
rikeleg for meg med det eg treng for å leva. Han vernar meg mot all fare,
vaktar og varar meg mot all vondt.
Alt dette gjer han av berre faderleg og
guddommeleg godleik og miskunn, utan at eg på nokon måte har fortent det eller
er verdig til det. For alt dette skuldar eg å takka og lovprisa han, tena og
lyda han. Det er både sant og visst.
Den
andre artikkelen:
OM FRELSA
Eg trur
på Jesus Kristus,
Guds einborne Son, vår Herre,
som vart
avla ved Den Heilage Ande,
fødd av
Maria møy,
pint
under Pontius Pilatus,
vart
krossfest, døydde og vart gravlagd,
fór ned
til dødsriket,
stod opp
frå dei døde tredje dagen,
fór opp
til himmelen,
sit ved
høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå og døma levande og døde.
Kva
vil det seia?
Svar: Eg trur at Jesus Kristus er min
Herre. Han er sann Gud, fødd av Faderen frå æva, og sant menneske, fødd av møya
Maria. Han har frelst meg, fortapte og fordømde menneske. Han har kjøpt meg fri
frå alle synder, frå døden og frå djevelen si makt, ikkje med gull eller sølv,
men med sitt heilage, dyre blod og si skuldlause liding og død. Dette har han
gjort for at eg skal vera hans eigen, leva under han i hans rike og tena han i
evig rettferd, skuldløyse og sæle, likesom han har stått opp frå dei døde og
lever og regjerer i all æva. Det er både sant og visst.
Den
tredje artikkelen: OM HELGINGA
Eg trur
på Den Heilage Ande,
ei
heilag, allmenn kyrkje,
eit
samfunn av dei heilage,
forlating
for syndene,
oppstoda
av lekamen
og evig liv.
Kva
vil det seia?
Svar: Eg trur at eg ikkje av eige vit
eller kraft kan tru på Jesus Kristus, min Herre, eller koma til han. Men Den
Heilage Ande har kalla meg ved evangeliet, opplyst meg med gåvene sine, helga
meg og halde meg fast i den rette trua, slik han òg kallar, samlar, opplyser og
helgar heile den kristne kyrkja på jorda og held henne oppe hjå Jesus Kristus i
den sanne og eine trua.
I denne kyrkja gjev han dagleg meg og alle
truande rikeleg forlating for all synd. På den siste dagen skal han vekkja opp
meg og alle døde, og gje evig liv til meg og alle som trur på Kristus. Det er
både sant og visst.
Korleis
ein far på ein enkel måte skal læra familien sin
FADERVÅR
Fader
vår, du som er i himmelen!
Kva
vil det seia?
Svar: Kjærleg innbyr Gud oss til å tru
at han er vår rette Far og vi hans rette born, så vi trygt og med tillit kan be
til han, slik born går til foreldra sine med alle ynskje.
Den
første bøna: Lat
namnet ditt helgast.
Kva
vil det seia?
Svar: Guds namn er nok heilag i seg
sjølv, men vi ber i denne bøna at det må verta heilag her hjå oss òg.
Korleis
skjer det?
Svar: Det skjer når Guds ord vert lært
klårt og reint, og vi lever heilag etter det som Guds born. Hjelp oss til det,
kjære Far i himmelen! Men den som lærer og lever annleis enn Guds ord lærer,
han vanhelgar Guds namn mellom oss. Vara oss frå det, himmelske Far!
Den
andre bøna: Lat
riket ditt koma.
Kva
vil det seia?
Svar: Guds rike kjem nok av seg sjølv,
utan at vi ber om det, men vi ber i denne bøna at det òg må koma til oss.
Korleis
skjer det?
Svar: Det skjer når den himmelske Far
gjev oss sin Heilage Ande, så vi får nåde til å tru hans heilage ord og leva
etter hans vilje, både her i tida og sidan i æva.
Den
tredje bøna: Lat
viljen din råda på jorda som i himmelen.
Kva
vil det seia?
Svar: Guds gode og nådige vilje skjer
nok utan at vi ber om det, men vi ber i denne bøna at viljen hans òg må skje
her hjå oss.
Korleis
skjer det?
Svar: Det skjer når Gud bryt og hindrar
kvar vond plan og vilje hos djevelen, verda og vår syndige natur. Dei vil ikkje
la oss halda Guds namn heilag, og vil ikkje la hans rike koma. Men Guds gode og
nådige vilje er å styrkja oss og halda oss fast i ordet og trua til vår siste
stund.
Den
fjerde bøna: Gjev
oss i dag vårt daglege brød.
Kva
vil det seia?
Svar: Gud gjev nok dagleg brød, til og
med til alle vonde menneske, òg utan at vi ber om det, men vi ber i denne bøna
at han må la oss skjøna å setja pris på vårt daglege brød, og ta imot det med
takk.
Kva er
meint med dagleg brød?
Svar: Med dagleg brød meiner vi alt vi
treng for å leva: mat og drikke, klede og skor, hus og heim, jord og husdyr,
pengar og eigedom, ein god ektemake og gode born, gode tilsette og gode og trufaste
føresette, eit godt styre i landet, godt vêr, fred og helse, god moral og godt
rykte, gode vener, trufaste grannar og fleire slike ting.
Den
femte bøna: Forlat
oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn.
Kva
vil det seia?
Svar: Vi ber i denne bøna at den
himmelske Far ikkje må sjå på synda vår og ikkje seia nei til bøna vår på grunn
av den. Vi er ikkje verdige til å få noko av det vi ber om, og har heller ikkje
fortent det, men vi ber om at han må gje oss alt av nåde. For vi syndar mykje
kvar dag, og fortener ikkje anna enn straff. Så vil òg vi på vår side, av
hjarta tilgje dei som syndar imot oss, og gjera vel imot dei.
Den
sjette bøna: Før
oss ikkje inn i freisting
Kva
vil det seia?
Svar: Gud freistar nok ingen, men vi ber
i denne bøna at han må vara oss og halda oss oppe, så ikkje djevelen, verda og
vår syndige natur får lura oss eller lokka oss til mistru, motløyse og andre
store synder og laster. Vi ber om at vi må sigra til slutt og halda fast på
sigeren, sjølv om vi vert plaga med slike ting.
Den
sjuande bøna:
men
frels oss frå det vonde.
Kva
vil det seia?
Svar: Vi ber i denne bøna at den
himmelske Far må frelsa oss frå all skade på kropp og sjel, eigedom og ære, og
at han til sist - når vår time kjem - må la oss få døy sæle og ta oss i nåde bort
frå verdsens armod til seg i himmelen.
[For
riket er ditt, og makta og æra i all æve.]
Amen.
Kva
vil det seia?
Svar: Eg skal vera viss på at slike
bøner er til hugnad for den himmelske Far, og at han høyrer dei. Han har sjølv
bode oss å be slik og lova at han vil høyra bønene våre. Amen, amen, det tyder:
Ja, ja, det skal visseleg skje.
Korleis
ein far på ein enkel måte skal læra familien sin om
DÅPEN
For
det første: Kva
er dåpen?
Svar: Dåpen er ikkje berre vatn, men
han er vatn som er teke med i Guds bod og sameina med Guds ord.
Kva
for eit Guds ord er det?
Svar: Det som vår Herre Kristus seier
hos Matteus 28,19:
Gå ut og gjer alle folkeslag til læresveinar,
med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.
For
det andre: Kva
gjev dåpen og kva gagn har vi av han?
Svar: Han gjev forlating for syndene,
frelser frå døden og djevelen, og gjev evig sæle til alle som trur dette, slik
som Guds ord og lovnad lyder.
Kva
for Guds ord og lovnad er det?
Svar: Det som vår Herre Kristus seier
hos Markus 16,16:
Den som trur og vert døypt, skal verta frelst;
men den som ikkje trur, skal verta fordømd.
For
det tredje: Korleis kan vatn gjera så store ting?
Svar: Det er ikkje sjølve vatnet som
gjer det, men Guds ord som er saman med vatnet, og trua som lit på dette ordet.
Utan Guds ord er vatnet berre vatn, og ingen dåp, men med Guds ord er det ein
dåp, det vil seia eit nåderikt livsens vatn og eit bad som atterføder ved Den
Heilage Ande, slik Paulus seier det i brevet til Titus 3,5-8:
Han frelste oss ved det badet som atterføder
og fornyar ved Den Heilage Ande, som han i rikt mål har rent ut over oss ved
Jesus Kristus, vår frelsar. Så skulle vi ved hans nåde stå rettferdige for Gud
og verta arvingar til det evige livet, som er vår von. Dette er eit truverdig
ord.
For
det fjerde: Kva
tyder det å verta døypt med vatn?
Svar: Det tyder at den gamle Adam i oss
skal druknast ved dagleg anger og bot, og døy med alle synder og vonde lyster.
I staden skal eit nytt menneske koma fram og stå opp kvar dag. Dette nye mennesket
skal leva evig for Gud i rettferd og reinleik.
Kvar
står dette skrive?
Svar: Paulus seier i brevet til
Romarane 6,4:
Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte
med denne dåpen til døden. Og liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens
veldige kraft, skal vi òg leva eit nytt liv.
[Bot er å vedkjenna syndene
for Gud og ta imot tilgjeving og ny kraft til teneste.]
Korleis
ein skal læra alle om
SKRIFTEMÅLET
Kva er
skriftemålet?
Svar: Til skriftemålet høyrer to ting.
Det eine er at ein vedkjennest synda si, det andre at ein tek imot avløysinga
eller syndsforlatinga frå skriftefaren som frå Gud
sjølv, og ikkje tvilar på dette, men trur fullt og fast at syndene dermed er
tilgjevne hos Gud i himmelen.
[Som skriftefar eller skriftemor vel ein som regel ein prest eller ein annan røynd kristen.]
Kva
for synder skal ein skrifta?
Svar: For Gud skal ein seia seg skuldig
i alle synder - òg dei vi ikkje veit om - slik som vi gjer i Fadervår. Men for
skriftefaren skal vi berre vedkjenna dei syndene vi veit om og kjenner i
hjarta.
Kva
for synder er det?
Svar: Her skal du tenkja på kva du er,
i lys av dei ti boda, om du er far, mor, son, dotter, ektemake, arbeidsgjevar
eller tilsett, om du har vore ulydig, utru eller lat, om du har gjort vondt mot
nokon i ord eller gjerningar, om du har stole, forsømt noko, fare aktlaust åt
eller gjort skade.
Kan du
lære meg ein enkel måte å skrifta på!
Svar: Slik skal du seia til
skriftefaren din: «Kjære skriftefar, vil du høyra skriftemålet mitt, og gje meg
forlating for syndene for Guds skyld?»
«Ja,
berre snakk ut!»
«Eg,
arme syndar, vedkjenner for Gud at eg er skuldig i alle synder. Særleg vil eg
vedkjenna for deg at eg er ein upåliteleg arbeidar (eller liknande). Dei og dei
gongene har eg ikkje gjort det mine overordna bad meg om. Eg har forarga dei og
fått dei til å banna. Eg har forsømt meg og ikkje hindra skader. Eg har òg vore
frekk i ord og gjerningar. Eg har krangla med arbeidskameratane mine, knurra og
forbanna arbeidsgjevaren min, og så bortetter. Alt dette gjer meg vondt og eg ber
om nåde. Eg skal betra meg.»
Foreldre og arbeidsgjevarar kan
seia: «Særleg vedkjenner eg for deg at eg ikkje har fostra familien og dei
tilsette med truskap og til ære for Gud. Eg har banna, og vore eit dårleg
føredøme med stygge ting eg har sagt og gjort. Eg har gjort naboen skade og
baktala han, selt varer for dyrt, ikkje gjeve fullgode varer, og fuska med
vekta.» Og elles andre ting dei har gjort mot Guds bod og sine plikter.
Men om
nokon ikkje er plaga med slike eller større synder, så skal han ikkje sørgja
over det, eller leita etter eller dikta opp fleire synder, og på det viset
gjera skriftemålet til ei pine. Nemn då ei eller to synder du veit om, til dømes
slik: «Særleg vedkjenner eg at eg ein gong har banna, ein gong snakka stygt, og
ein gong forsømt det og det.» Det kan du la vera nok.
Om du slett ikkje veit om noka synd -
Det kan vel ikkje vera mogleg! - så nemn heller inga spesiell, men ta imot tilgjevinga
etter ei vanleg vedkjenning for Gud, som skriftefaren får høyra.
Så skal
skriftefaren seia: «Gud vera nådig mot deg og styrkja trua di! Amen.» Og så: «Trur
du at mi tilgjeving er Guds tilgjeving?»
Svar: «Ja.»
«Det skal
verta som du trur! Etter vår Herre Jesu Kristi ord og bod tilgjev eg syndene
dine, i namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Amen. Gå i fred.»
Dei som
har stor samvitsnaud, eller er sorgfulle og uroa, dei vil ein skriftefar vita å
trøysta og hjelpa fram til trua med fleire ord frå Skrifta. Dette skal berre
vera ein vanleg måte å skrifta på for folk flest.
Korleis
ein far på ein enkel måte skal læra familien sin om
NATTVERDEN
Kva er
nattverden?
Svar: Det er vår Herre Jesu Kristi
sanne lekam og blod i og med brød og vin. Kristus har sjølv innsett sakramentet
for oss kristne til å ete og drikka det.
Kvar
står det skrive?
Svar: Slik
skriv dei heilage evangelistane Matteus, Markus og Lukas og Paulus:
Vår Herre Jesus Kristus, den natta han vart
sviken, tok han eit brød, takka, braut det, gav læresveinane og sa: Ta dette og
ét det. Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om
meg. Like eins tok han kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle
av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk til
forlating for syndene. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om
meg.
Kva
nytte har vi av å eta og drikka slik?
Svar: Det ser vi av orda «gjeven for
dykk» og «utrent for dykk til forlating for syndene». Ved desse orda får vi
forlating for syndene, liv og sæle i sakramentet, for der det er forlating for
syndene, der er det liv og sæle.
Korleis
kan det at vi et og drikk gjera så store ting?
Svar: Det er ikkje det å eta og drikka som
gjer, men dei orda som står her: «gjeven for dykk» og «utrent til forlating for
syndene». Saman med det å eta og drikka, er desse orda hovudsaka i sakramentet.
Dei som trur desse orda, dei har det orda seier, nemleg forlating for syndene.
Kven
tek imot dette sakramentet på ein verdig måte?
Svar: Det kan vera ein god skikk å bu
seg til nattverden med å fasta og liknande, men verdig og vel budd er den som
trur desse orda: «gjeven for dykk» og «utrent til forlating for syndene». Den
som ikkje trur desse orda eller tvilar, han er ikkje verdig og budd, for orda «for
dykk» krev hjarto som trur heilt og fullt.
Korleis
ein far på ein enkel måte skal læra familien sin å be
MORGONBØN og KVELDSBØN
MORGONBØN
Om
morgonen, når du står opp av senga, skal du signa deg med det heilage
krossteiknet og seia:
I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage
Ande. Amen.
[Ein teiknar krossen ved å
føra peikefingeren frå panne til bryst og så frå skulder til skulder.]
Så skal
du seia fram truvedkjenninga og Fadervår medan du ligg på kne eller står. Om du
vil, kan du òg be denne vesle bøna:
Eg takkar deg min himmelske Far, ved din kjære
Son Jesus Kristus, fordi du har vara meg frå all skade og fare i natt. Eg ber
at du må vara meg frå synd og alt vondt i dag, så alt eg gjer og heile livet
mitt må vera til glede for deg. Eg overgjev meg med kropp og sjel og alt i dine
hender. Lat din heilage engel vera med meg, så den vonde fienden ikkje får noka
makt over meg. Amen.
Gå så med
glede til arbeidet ditt, og syng gjerne ein song, til dømes ein som handlar om
dei ti boda, eller noko anna som høver til andakta di.
KVELDSBØN
Om
kvelden når du går til sengs, skal du signa deg med det heilage krossteiknet og
seia:
I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage
Ande. Amen.
Så skal
du seia fram truvedkjenninga og Fadervår medan du ligg på kne eller står. Om du
vil, kan du òg be denne vesle bøna:
Eg takkar deg, min himmelske Far, ved din
kjære Son Jesus Kristus, fordi du nådig har vara meg i dag. Tilgjev meg alle
synder og all urett eg har gjort. Eg ber at du nådig må vara meg i natt, for eg
overgjev meg med kropp og sjel og alt i dine hender. Lat din heilage engel vera
med meg, så den vonde fienden ikkje får noka makt over meg. Amen.
Legg deg
så straks og glad til å sova.
Korleis
ein far på enkel måte skal læra familien sin å be
BORDBØN og TAKKEBØN
BORDBØN
Familien
skal verta stille og gå med falda hender til bordet og seia:
Alle vender augo ventande til deg, og du gjev
dei mat i rette tid.
Du opnar di hand og mettar alt som lever, med
det som godt er. Salme 145,15-16
Forklaring:
«Det som godt er»
vil seia at alt levande får så mykje å eta at dei kan vera glade og nøgde. Sut
og gjerrigskap hindrar slik hugnad.
Og så
skal du seia fram Fadervår og denne bøna:
Herre Gud, himmelske Far, signa oss og desse
gåvene dine, som vi tek imot av din milde godleik, ved Jesus Kristus, vår
Herre. Amen.
TAKKEBØN
Dei skal
gjera det på same måten etter maten, verta stille og seia med falda hender:
Pris Herren, for han er god, hans miskunn
varer til evig tid. Han gjev mat til alt som lever. Herren gjev føde til dyra,
til ramnungar som ropar. Han bryr seg ikkje om hestens styrke og har ikkje
hugnad i snarføtt mann. Herren har hugnad i dei som ottast han og ventar på
hans miskunn. Salme 106,1 og 136,25 og 147,9-11
Og så
skal dei seia fram Fadervår og denne bøna:
Vi takkar deg, Herre Gud, vår Far, ved Jesus
Kristus, vår Herre, for alle velgjerningane dine, du som lever og regjerer i
æva. Amen.
HUSTAVLA
som
inneheld ein del skriftstader som minner kvar og ein om dei plikter han har i
si stilling
1. Til
biskopar, prestar og forkynnarar:
Ein
tilsynsmann vera ulastande, mann til éi kvinne, edrueleg, visleg, høvisk,
gjestmild, dugeleg til å læra frå seg, ikkje drikkekjær eller hardhendt, men
mild, ikkje stridshuga eller pengekjær. Han skal styra sitt eige hus godt, så
borna hans er lydige og viser vørdnad. Men greier han ikkje styra sitt eige
hus, kor kan han då ha omsut for Guds kyrkje? Han må ikkje vera nyomvend.1 Tim 3,2-6
Han må halda
seg til det truverdige ord i samsvar med læra. Då er han skikka både til å
rettleia etter den sunne læra og visa at dei som
talar imot, tek feil. Tit
1,9
2. Kva
vi skuldar lærarane og sjelesørgjarane våre:
Herren har
fastsett at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet. 1 Kor 9,14
Den som
får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin. Far ikkje vilt! Gud
lèt seg ikkje spotta. Gal 6,6-7
Eldste
som er gode forstandarar i kyrkjelyden, fortener dobbel løn, serleg dei som
arbeider med forkynning og opplæring. For Skrifta seier: Du skal ikkje setja
muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er si løn verd. 1 Tim 5,17-18
Ver
lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene
dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med
glede, utan å sukka. Elles vert det ikkje til gagn for dykk. Hebr 13,17
3. Om
den politiske styremakta:
Kvar og
ein skal vera lydig mot dei styremaktene han har over seg. Det finst inga
styremakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud. Den som
set seg opp mot styremakta, han står Guds ordning imot, og dei som det gjer,
skal få sin dom. Styremakta ber ikkje sverdet for inkje. Ho er Guds tenar som
set hans dom i verk over den som gjer det vonde. Rom 13,1-2 og 4
4. Kva
folket skuldar styremaktene:
Gjev
keisaren det som keisarens er. Matt 22,21
Kvar og
ein skal vera lydig mot dei styremaktene han har over seg. Difor er det
naudsynt å vera lydig, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til
samvitet. Det er òg grunnen til at de betaler skatt; for styremaktene er Guds
tenarar, og dette er dei sette til å ta seg av. Gjer rett og skil mot alle:
Svar skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha age
for den som har krav på age, gjev ære til den de skuldar ære. Rom 13,1 og 5-7
Så legg
eg dykk framfor alt på hjarta at de ber fram bøner og forbøner, påkalling og
takk for alle menneske. Bed for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan
leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad. 1 Tim 2,1-2
Minn dei
om at dei skal underordna seg styremaktene, retta seg etter dei og vera viljuge
til å gjera alt som er godt. Tit 3,1
For
Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren,
den øvste, eller landshovdingane som han har sendt; dei skal straffa dei som
gjer vondt, og rosa dei som gjer godt. 1 Pet 2,13-14
5. Til
ektemenn:
Like eins
de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis
henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar
ikkje vert hindra. 1 Pet 3,7
De menn
skal elska konene dykkar og ikkje vera harde mot dei. Kol 3, 19
6. Til
gifte kvinner:
De gifte
kvinner vera mennene dykkar underordna, liksom Sara var lydig mot Abraham og
kalla han herre. Og hennar born har de vorte når de gjer det gode og ikkje lèt
noko skræma dykk. 1 Pet 3,1 og 6
Ver
kvarandre underordna i age for Kristus. Ef 5,21
7. Til
foreldre:
De
fedrar, vekk ikkje sinne og trass hjå borna, men gjev dei den oppseding og
rettleiing som er etter Herrens vilje. Ef 6,4 (Sjå òg Kol 3,21)
8. Til
borna:
De born
skal vera lydige mot foreldra dykkar for Herrens skuld, for det er rett. Æra
far din og mor di, dette er det fyrste bodet med lovnad: så det kan gå deg vel
og du får leva lenge i landet. Ef 6,1-3
9. Til
tilsette:
De trælar
skal vera lydige mot dykkar jordiske herrar, med otte og age og av eit ærleg hjarta
som mot Kristus sjølv. Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til
lags, men Kristi tenarar som heilhjarta gjer Guds vilje. Ver ihuga i tenesta,
som var det for Herren og ikkje for menneske. De veit at kvar og ein skal få
løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller træl. Ef 6,5-8 (Sjå òg
Kol 3,22)
10.
Til arbeidsgjevarar:
Det same
skal de herrar gjera mot trælane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de
har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje skil på folk. Ef 6,9
11.
Til all ungdom:
De unge
skal underordna dykk dei eldste. Og alle skal de vera kledde i audmykt mot
kvarandre. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. Audmyk
dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid. 1 Pet 5,5-6
12.
Til enkjer:
Den som
verkeleg er enkje og står åleine, ho har sett si von til Gud og lever i bøn og
påkalling natt og dag. Men den som berre vil nyta livet, er levande død. 1 Tim 5,5-6
13.
Til heile kyrkjelyden:
Boda samlar
seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Rom 13,9
Ber fram
bøner for alle menneske. 1 Tim 2,1
Når alle
si eiga lekse vil læra,
først då blir det godt i huset å vera.